Ut frå det konkrete, ei ny bok fra Universitetsforlaget og eit bidrag til ein retorisk kunsfagdidaktikk.
«Korleis kan ein tolke eit dikt gjennom å lese det opp? Kva vil det i praksis seie å lese notar eller arbeide med ei utstilling? Og kan vi forstå distansering i dramapedagogikk som noko heilt konkret?»
Denne boka svarar på slike utfordringar på dei ulike kunstfagas eigne premissar. Felles for bidraga er at dei utviklar didaktikk ut frå eit konkret materiale: lyd, ord, bilde, det taktile. Studiane er utvikla i nær kontakt med den retoriske tradisjonen. Eksempla frå litteratur, kunst og handverk, musikk og drama er ramma inn av ein innleiingstekst som klargjer det teoretiske grunnlaget for ein slik kunstfagdidaktikk, og ein avslutningstekst som spør kva skilnad det gjer å tenkje kunstfagdidaktikk på eit retorisk grunnlag.
Boka inneheld bidrag om konkrete kunstfaglege praksisar utstilling, ulike dramaformar, biletbøker, musikk, opplesing som tolkande aktivitet og kombinasjonar av slike praksisar. Teoriramma er den klassisk-retoriske tradisjonen i møte med nyare språkfilosofi, estetisk teori og hermeneutikk.
Dette er didaktikk på kunstfagas eigne premissar og passar for fleire utdanningar: Master i kunst og handverk, Master i estetiske fag som musikk, drama og teater, Master i retorikk
Boka er redigert av Aslaug Nyrnes som er professor i kunstfagdidaktikk ved Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen, og Niels Lehmann som er leiar for Institut for Æstetiske fag ved Aarhus Universitet.
kr. 299, Ca. 260 s.
ISBN 978-82-15-01348-0
Universitetsforlaget
Boka er på lager 2. juni
HiO, avd est Mette Strøm