Bok om kunstfagsdidaktikk

Ut frå det konkrete, ei ny bok fra Universitetsforlaget og eit bidrag til ein retorisk kunsfagdidaktikk.

«Korleis kan ein tolke eit dikt gjennom å lese det opp? Kva vil det i praksis seie å lese notar eller arbeide med ei utstilling? Og kan vi forstå distansering i dramapedagogikk som noko heilt konkret?»

Denne boka svarar på slike utfordringar på dei ulike kunstfagas eigne premissar. Felles for bidraga er at dei utviklar didaktikk ut frå eit konkret materiale: lyd, ord, bilde, det taktile. Studiane er utvikla i nær kontakt med den retoriske tradisjonen. Eksempla frå litteratur, kunst og handverk, musikk og drama er ramma inn av ein innleiingstekst som klargjer det teoretiske grunnlaget for ein slik kunstfagdidaktikk, og ein avslutningstekst som spør kva skilnad det gjer å tenkje kunstfagdidaktikk på eit retorisk grunnlag.

Boka inneheld bidrag om konkrete kunstfaglege praksisar – utstilling, ulike dramaformar, biletbøker, musikk, opplesing som tolkande aktivitet – og kombinasjonar av slike praksisar. Teoriramma er den klassisk-retoriske tradisjonen i møte med nyare språkfilosofi, estetisk teori og hermeneutikk.

Dette er didaktikk på kunstfagas eigne premissar og passar for fleire utdanningar: Master i kunst og handverk, Master i estetiske fag som musikk, drama og teater, Master i retorikk

Boka er redigert av Aslaug Nyrnes som er professor i kunstfagdidaktikk ved Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen, og Niels Lehmann som er leiar for Institut for Æstetiske fag ved Aarhus Universitet.

kr. 299, Ca. 260 s.

ISBN 978-82-15-01348-0

Universitetsforlaget

Boka er på lager 2. juni

HiO, avd est Mette Strøm

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: